Hopp til innhold
Foto: Martha de Jong Lanthink, flickr.com CC BY-NC-ND.jpg
Foto: Martha de Jong Lanthink, flickr.com CC BY-NC-ND.jpg
X
Innhald

Kvalross

Kvalross, Odobenus rosmarus, er den einaste arten av kvalrossfamilien, ordenen til selane. Dei øvre hjørnetennene er forlenga til støyttenner. Fram- og baklemmene er korte, og halen er rudimentær. Hannen kan verte opptil 4,5 meter lang og vege opp mot 2 tonn. Kvalrossen lever av muslingar, sniglar og fisk. Han finst ved kystane av Nordishavet, men streifdyr forvillar seg av og til nedover langs norskekysten. Bestanden var tidlegare stor, men spekk, skinn og tenner var sterkt etterspurt, og talet på dyr gjekk ned på grunn av jakta. I Noreg har det vore fangstforbod på kvalross frå 1952. Også Russland, Canada og Alaska har innført fredingsvedtak for kvalrossen. Sjå også selar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.06.2013
Sist oppdatert: 03.06.2013