Hopp til innhold
Foto: Andrew Gray flickr.com CC BY-SA.jpg
Foto: Andrew Gray flickr.com CC BY-SA.jpg
X
Innhald

Lama

Lama er eit fellesnamn på pukkellause artar i kamelfamilien i ordenen til dei partåa hovdyra. Hit høyrer dei ville formene guanako og vikunja, og dei tamme formene lama og alpakka. Alle kan lett kryssast med kvarandre. Tam lama, Lama glama, har lang, tett pels. Han kan spytte. Lamaen er på storleik med ein hjort og lever på høgslettene i Peru og Bolivia. Han har same betydning for peruanarane som reinen har for samane. Lamaen vert nytta som trekk- og lastedyr, og han er også viktig for produksjon av ull, lêr og kjøt.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.06.2013
Sist oppdatert: 03.06.2013