Hopp til innhold
X
Innhald

Lemen

Lemen høyrer til familien hamsterliknande gnagarar, av ordenen til gnagarane. Lemenet er utbreidd i fjellstrøk i Skandinavia, Finland og på Kolahalvøya. Bestanden varierer sterkt, med toppår kvart tredje eller fjerde år.

Lemen eller fjellemen, Lemmus lemmus, høyrer til familien hamsterliknande gnagarar, av ordenen til gnagarane. Det vert opptil 16 cm langt. Pelsen er brungul på oversida med ein svart flekk framme på ryggen og hovudet, og han er lysegul under.
 
 
Foto: tgleditsch, flickr.com CC BY 2.0
Foto: tgleditsch, flickr.com CC BY 2.0
 
Lemenet er utbreidd i fjellstrøk i Skandinavia, Finland og på Kolahalvøya. Det er kjent for si store forplantningsevne. Til vanleg får det fem–sju ungar i kullet, men det kan vere opptil 16 ungar i kullet. Lemenet får tre–fem kull om sommaren. Det lever hovudsakleg av mose og gras.
 
Bestanden varierer sterkt, med toppår kvart tredje eller fjerde år. I dei store toppåra, kalla lemenår, kan lemena vandre i store grupper og nå ned til låglandet og havet. Dyra er då meir hissige og aktive også om dagen. Andre artar lemen lever i Sibir, Nord-Amerika og på Grønland. Sjå også gnagarar.
 
Sjå video av lemen:
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.06.2013
Sist oppdatert: 30.06.2014