Hopp til innhold
Foto: Lip Kee Yap, flickr.com CC BY-Sa.jpg
Foto: Lip Kee Yap, flickr.com CC BY-Sa.jpg
X
Innhald

Leopard

Leopard eller panter, Panthera pardus, er eit rovdyr av kattefamilien. Pelsen har mørkegul botnfarge med svarte flekkar, men han kan også vere heilt svart. Leoparden har ei lengd på 1,7–2,5 meter, av dette er halen 1 meter. Leoparden lever i Afrika og store delar av Asia. Han opptrer mest i skogar. Leoparden lever av fugl og pattedyr, men han kan også ta menneske. Leopardskinn har vore eit ettertrakta pelsverk.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.06.2013
Sist oppdatert: 03.06.2013