Hopp til innhold
Foto: Daniel Chong Kah Fui, flickr.com CC BY-NC-ND.jpg
Foto: Daniel Chong Kah Fui, flickr.com CC BY-NC-ND.jpg
X
Innhald

Loriar

Loriar er nemning på ei gruppe papegøyar som lever på øyane i Stillehavet og i Australia. Det er også nemning på Lorisidae, som er ein familie av underordenen Prosimii, halvaper, i ordenen primatar. Dei er nattaktive dyr som lever i tre i Asia. Dei har store, framoverretta auge og velutvikla gripehender med redusert peikefinger. Dei omfattar artane dovenloriar, slankloriar og potto.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.06.2013
Sist oppdatert: 04.06.2013