Hopp til innhold
X
Innhald

Løve

Løve, Panthera leo, er ein rovdyrart i kattefamilien. 

Det finst i alt sju underartar av løve. I dag finst løvene berre i dei mellomste og austlegaste delane av Afrika, meir sporadisk i sør. Asia-løva finst i eit reservat i Nordvest-India. 

Hannen er større og kraftigare enn hoa, og har ei kroppslengd på 260–330 cm, skulderhøgd på 120 cm og vekt på 150–240 kg. Hannen har manke. Løvene er flokkdyr som lever i familiegrupper på 3–30 individ. Dei får 2–3 ungar i kvart kull. Levealderen til løvene er ca. 15 år, men dei kan verte opptil 24 år gamle i fangenskap.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.06.2013
Sist oppdatert: 02.03.2018