Hopp til innhold
X
Innhald

Makakar

Makakar er ei slekt av dyreapefamilien. Dei lever i flokkar, ofte leia av ein gammal hann. Makalane et frø, frukter, insekt og krypdyr, og dei gøymer ofte maten i kinnposar. Slekta omfattar blant anna rhesusape i India og Søraust-Asia og berbarape i Nord-Afrika og på Gibraltar. Sjå smalnaseaper.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.06.2013
Sist oppdatert: 04.06.2013