Hopp til innhold
Foto: Mouloud Saïki, flickr.com CC BY-NC-ND.jpg
Foto: Mouloud Saïki, flickr.com CC BY-NC-ND.jpg
X
Innhald

Makiar

Makiar eller lemurar eller reveaper, Lemuridae, er ein familie av halvaper på Madagaskar. Der er dei utvikla i løpet av dei siste 50 millionar år. Det finst ca. ti artar. Dvergmakien er så stor som ei mus, medan kattemakien er på storleik med ein katt. Ringhalemakien eller katta, Lemur catta, har lang, svartringa hale som han held rett opp som signal når han går på bakken. Sjå lemurar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.06.2013
Sist oppdatert: 04.06.2013