Hopp til innhold
Foto: Biodiversity Heritage Library, flickr.com CC BY.jpg
Foto: Biodiversity Heritage Library, flickr.com CC BY.jpg
X
Innhald

Mammut

Mammut, Mammuthus, er ei utdøydd elefantslekt som levde i istida. Ullhåra mammut, Mammut primigenius, var det største av alle elefantdyra med ei nakkehøgd på ca. 4 meter. Mammutane hadde flotte støyttenner, som var opptil 5 meter lange og vog ca. 100 kg kvar. Dei var utprega tundradyr. Det er gjort funn etter tenner og knokkelrestar i og ved Gudbrandsdalen. Det er funne frosne dyr i permafrost i Alaska og Sibir.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.06.2013
Sist oppdatert: 04.06.2013