Hopp til innhold
Foto: Arthur Chapman, flickr.com CC BY-NC-SA.jpg
Foto: Arthur Chapman, flickr.com CC BY-NC-SA.jpg
X
Innhald

Mår

Mår eller skogmår, Martes martes, er eit rovdyr som høyrer til mårfamilien. Dyret har ei lengd på 65–85 cm, medrekna dei ca. 10 cm lange håra på halespissen. Måren er ein dyktig klatrar som lever av smågnagarar, ekorn, småfuglar og egg. Han er utbreidd i skogane i Europa og Vest-Asia. Det var skotpremie på måren, og pelsjakta i perioden 1900–29 førte til sterk nedgang i bestanden i Noreg. Måren var totalfreda frå 1930 til 1967. Bestanden er no i bra oppgang. Måren er no vanleg i skog over det meste av landet. Steinmår eller husmår, Martes foina, finst i Europa nord til Danmark, men ikkje hos oss.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.06.2013
Sist oppdatert: 06.06.2013