Hopp til innhold
Foto: Wikipedia.org.jpg
Foto: Wikipedia.org.jpg
X
Innhald

Mårhund

Mårhund, Nyctereutes procyonides, er eit rovdyr av hundefamilien. Dyret er på storleik med ein rev. Pelsen er brun med ein skitengul flekk rundt halsen. Mårhunden søv vintersøvn. Han er innført frå Asia til Russland og har breidd seg vestover i Finland og Sverige. Mårhund er teken i Sør-Varanger i 1983, og han er observert andre stader i Nord-Noreg og Trøndelag.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.06.2013
Sist oppdatert: 06.06.2013