Hopp til innhold
Foto: Allan Hopkins, flickr.com CC BY-NC-ND.jpg
Foto: Allan Hopkins, flickr.com CC BY-NC-ND.jpg
X
Innhald

Maurslukarar

Maurslukarar eller maurbjørnar, Myrmecophagidae, er ein familie av gomlarar med fire artar i Sør-Amerika. Dyra har hårete kropp. Dei er tannlause, og kjevane dannar eit røyr med ei lang, ormeforma tunge. Dyret nyttar tunga til å slikke i seg insekt, særleg termittar og maur. Den største arten kan verte over 2 meter lang, medrekna halen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.06.2013
Sist oppdatert: 04.06.2013