Hopp til innhold
Foto: Rene Rivers, flickr.com CC BY NC-ND.jpg
Foto: Rene Rivers, flickr.com CC BY NC-ND.jpg
X
Innhald

Menneskeaper

Menneskeaper, Pongidae, er ein familie av primatar, det vil seie herredyr. Av bygnad er dei typiske klatrarar som slengjer seg frå grein til grein. På same måte som menneska, og i motsetnad til andre primatar, manglar dei hale og har lange armar og høgt utvikla hjerne. Menneskeapene er dei nærmaste nolevande slektningane til menneska. Ein reknar med at felles stamformer har levd i Afrika for 35 millionar år sidan. Menneskeapene omfattar tradisjonelt orangutang, gorilla og to artar sjimpansar. Gibbonane vert rekna til ein eigen familie, Hylobatidae.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.06.2013
Sist oppdatert: 04.06.2013