Hopp til innhold
X
Innhald

Menneskefamilien

Menneskefamilien er i zoologien nemning på Hominidae. Det er ein familie av overfamilien Hominoidea, som omfattar menneskeliknande aper. Menneskefamilien omfattar etter mange forskarar si oppfatning den no utdøydde slekta Australopithecus og Homo. Enkelte forskarar føretrekkjer å rekne Australopithecus som ein underfamilie, Australopithecinae, av menneskefamilien. Dei utdøydde australopithecinane, nærmenneska, har omfatta fleire artar som levde for 5–1 millionar år sidan. Det er uklart om nokre av dei har høyrt direkte til forfedrane våre, men det ser utan tvil ut til at enkelte levde samtidig med dei første menneskeartane. Sjå også Mennesket og Homo sapiens.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.06.2013
Sist oppdatert: 04.06.2013