Hopp til innhold
X
Innhald

Mennesket

Mennesket utgjer i dag den einaste arten i slekta Homo. Mennesket dannar, saman med menneskeapene, overfamilien Hominoidae. Det går ei utviklingslinje frå nærmennesket, Artipithecus ramidus, i den eldste slekta til menneskefamilien, for ca. 4,4 millionar år sidan, via Australopithecus, for ca. 4 millionar år sidan, til Homo. Artane i Homo-slekta vart tilgodesett ved auka kroppsstorleik og hjernevolum, taleevne og oppreist gange. Vår eigen art, Homo sapiens, opptredde for 100 000–40 000 år sidan. Sjå Homo sapiens.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.06.2013
Sist oppdatert: 04.06.2013