Hopp til innhold
Foto: Paco Gòmez, flickr.com CC BY-SA.jpg
Foto: Paco Gòmez, flickr.com CC BY-SA.jpg
X
Innhald

Mink

Mink er eit rovdyr som høyrer til mårfamilien. Vår villmink, Mustela vison, stammar frå Nord-Amerika. Han vert halden som pelsdyr, men opptrer no forvilla over heile Noreg. Minken lever særleg av fisk, men han tek også kreps, muslingar, froskar, fuglar og smågnagarar. I 2002–2003 vart det felt 6729 villmink. I 2005 fanst det om lag 150 minkfarmar i Noreg, og dei produserte årleg rundt 350 000 skinn. Skinnet gir godt pelsverk. Det kan ha ulike fargenyansar, som standard, pastell, safir osv. Den europeiske minken, flodilder, Mustela lutreola, er noko mindre og finst ikkje i Noreg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 04.06.2013
Sist oppdatert: 04.06.2013