Hopp til innhold
Foto. "Travis", flickr.com CC BY-NC.jpg
Foto. "Travis", flickr.com CC BY-NC.jpg
X
Innhald

Moskusfe

Moskusfe, Ovibos moschatus, er ein drøvtyggjar av oksefamilien. Han har ei skulderhøgd på ca. 1,65 meter og ei vekt på opptil 450 kilo. Han er langragga og nærmare i slekt med sauar enn med storfe. Moskusfe finst i Nord-Canada og på Grønland. Det vart innført til Svalbard i 1929, men døydde ut der ca. 1983. Moskusfe vart innført til Dovre i 1932 og seinare. Dovre-stammen har greidd seg bra, og i 2012 talde han ca. 300 dyr. Somme dyr har utvandra til Sverige. Moskusfe gir fin ull, men dyret er vanskeleg å halde som husdyr.

Først publisert: 04.06.2013
Sist oppdatert: 04.06.2013