Hopp til innhold
Foto. Daniel Daranes, flickr.com CC BY-NC-SA.jpg
Foto. Daniel Daranes, flickr.com CC BY-NC-SA.jpg
X
Innhald

Murmeldyr

Murmeldyr, Marmota, er ei slekt av gnagarar som høyrer til ekornfamilien. Dyra er større enn ekorna, 30–60 cm lange, har ein kort, buskete hale og veg opptil 7 kg. Murmeldyra er selskapelege og lever i koloniar i gangar i bakken. Kosten er planter og røter. Dei har vinterdvale. Alpemurmeldyr, Marmota marmota, lever i Alpane og Karpatane. I Nord-Amerika og Asia finst andre artar. Skinnet vert brukt til pelsverk.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.06.2013
Sist oppdatert: 06.06.2013