Hopp til innhold
Foto: Erik Jørgensen flickr.com CC BY-NC-SA.jpg
Foto: Erik Jørgensen flickr.com CC BY-NC-SA.jpg
X
Innhald

Mus

Mus er namn på forskjellige smågnagarar. Familien Muridae, mus og rotter, omfattar nesten 400 artar med spiss snute, store øyre og lang, tynn hale med hår. Hit høyrer slekta Rattus med svartrotte og brunrotte, Apodemus, skogmus, og Mus, husmus. Mus er utbreidde over heile verda. Vanleg husmus, Mus musculus, er tilpassa eit altetande levesett. Husmusa kom til Amerika og Australia med dei første europeiske kolonistane. Kvite husmus, albinoar, er utgangsform for dei kvite musene som vert nytta i forsking.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.06.2013
Sist oppdatert: 06.06.2013