Hopp til innhold
Foto: Wikipedia.org.jpg
Foto: Wikipedia.org.jpg
X
Innhald

Mustang

Mustang er ein amerikansk hestetypar. Han fanst opphavleg berre i California og Mexico. Han har ei mankehøgd på 142–152 cm. Mustangen finst i ulike fargar, men oftast er han sandgul, palomino eller musefarga. Ville rasar har gått sterkt tilbake. Mustangane levde før i flokkar på 5–30 dyr. Dei vert i dag nytta til ridehestar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.06.2013
Sist oppdatert: 06.06.2013