Hopp til innhold
Foto: Wikipedia.org.jpg
Foto: Wikipedia.org.jpg
X
Innhald

Narkval

Narkval, Monodon monoceros, er ein arktisk tannkval i narfamilien. Han er 5–6 meter lang. Den venstre framtanna til hannen er ei 2–2,5 meter lang spiralforma støyttann. I sjeldne tilfelle kan dette gjelde den høgre framtanna, eventuelt begge framtennene. Narkvalen manglar dei andre tennene. Han lever vesentleg av blekksprut.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.06.2013
Sist oppdatert: 06.06.2013