Hopp til innhold
Foto: Julian Mason, flickr.com CC BY.jpg
Foto: Julian Mason, flickr.com CC BY.jpg
X
Innhald

Nashorn

Nashorn, Rhinocerotidae, er store, planteetande upartåa hovdyr med eitt eller to harde horn på nasepartiet. 

Nashorna har tjukk, glatt hud, og dei har eitt eller to harde horn på nasepartiet. Dei er planteetarar.

Det finst fire slekter med fem artar. Nashorna er utbreidde i Afrika og tropisk Asia. Artane er spissnashorn (svart nashorn), stumpnashorn (kvitt nashorn), indianashorn (pansarnashorn), javanashorn og sumatranashorn. Storleiken varierer mellom artane. Sumatranashornet veg rundt 800 kilo, medan Stumpnashornet kan vege opptil tre tonn.

galleri

Peikarar

Om nashorn på nettsidene til WWF 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.06.2013
Sist oppdatert: 21.03.2018