Hopp til innhold
Modell av eit mannleg neandertalmenneske, laga ut frå slik ein meiner neandertalmennesket må ha sett ut. Stilt ut på Nasjonalmuseet i USA (National Museum of Natural History/Smithsonian Institution). Foto: Adam Fagen, Flickr.com CC BY-NC-SA 2.0.

X
Innhald

Neandertalmennesket

Neandertalmennesket, Homo neanderthalensis, er ein art i menneskefamilien. Det vert rekna som ein meir primitiv art enn det moderne mennesket. 

Neandertalmennesket levde under den siste mellomistida og i den første halvdelen av den siste istida. Det forsvann for ca. 40 000–35 000 år sidan. 

Neandertalmenneska skapte ein reiskapskultur, og dei var dei første menneska som vi veit gravla sine døde. 

Dei er oppkalla etter dalen Neandertal i Tyskland, der dei første skjelettrestane vart funne. Sjå Homo sapiens.

Først publisert: 06.06.2013
Sist oppdatert: 14.06.2017