Hopp til innhold
Foto: Ulmann Patrik, flickr.com CC BY-NC-ND.jpg
Foto: Ulmann Patrik, flickr.com CC BY-NC-ND.jpg
X
Innhald

Nebbdyr

Nebbdyr, Ornithorhynchidae, er ein familie av kloakkdyr med éin art, Ornithorhynchus anatinus. Nebbdyret har ein snute som minner om eit andenebb. Det har pels, symjehud mellom tærne og «beverhale». Lengda er på ca. 0,6 meter, av dette måler halen 15 cm. Hoa legg eitt–to egg i ei hole i elvebreidda. Hoa ruger i sju–ti dagar. Nebbdyret lever berre i elvar på Tasmania og i det austlege Australia. Sjå også kloakkdyr.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.06.2013
Sist oppdatert: 06.06.2013