Hopp til innhold
Foto: Biodiversityeritage library, flickr.com CC BY.jpg
Foto: Biodiversityeritage library, flickr.com CC BY.jpg
X
Innhald

Nise

Nise, Phocoena phocoena, er ein tannkval i nisefamilien. Nisa lever i nordlege, tempererte strøk og vert inntil 2 meter lang. Ho er stasjonær langs kysten av Noreg, og held seg ofte inne i fjordane. Ho snøftar når ho trekkjer luft, og namnet har ho fått frå det norrøne verbet «hnisa», som tyder «snøfte» eller «nyse». Tennene er spadeforma, medan dei hos andre tannkvalar er kjegleforma. Nisa lever særleg av fisk.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.06.2013
Sist oppdatert: 06.06.2013