Hopp til innhold
X
Innhald

Nordlandshest

Nordlandshest, kalla lyngshest fram til 1968, er ein nordnorsk hesterase. Eigentleg er det ein ponni. Han har ei mankehøgd på ca. 130–140 cm. Pelsen kan vere brun, svartbrun, raud eller gråskimmel. Nordlandshesten er sterk og nøysam med gode bein og høver. Han vert nytta som ridehest og lett trekkhest.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.02.2013
Sist oppdatert: 19.02.2013