Hopp til innhold
Foto: Michael Gwyther-Jones flickr.com CC BY.jpg
Foto: Michael Gwyther-Jones flickr.com CC BY.jpg
X
Innhald

Orangutang

Orangutang, Pongo pygmaeus, er ei stor menneskeape og vert no rekna som den einaste arten i familien Pongidae. Namnet kjem av malayisk «orang-utan», som tyder «skogmenneske». Orangutangen har ei høgd på opptil 1,8 meter, og han har lange armar som kan famne opptil 2,4 meter. Hårkledningen er raudbrun. Orangutangen lever i trea, og han er ein fredeleg vegetarianar. Gamle hannar får kinn- og hakeposar. Orangutangen finst på Sundaøyane. Arten har gått sterkt tilbake og står i fare for å bli utrydda. Sjå menneskeaper.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.08.2013
Sist oppdatert: 09.08.2013