Hopp til innhold
Foto: Drew Avery flickr.com CC BY.jpg
Foto: Drew Avery flickr.com CC BY.jpg
X
Innhald

Oter

Oter er eit rovdyr som høyrer til mårfamilien. Dei lever delvis i vatn. Oteren i Noreg er totalfreda og på raudlista.

Oter er eit rovdyr som høyrer til mårfamilien. Dei lever delvis i vatn. Vår oter, Lutra lutra, vert 120–150 cm lang og veg 6–15 kg. Halen utgjer 1/3 av lengda. Oteren har ein tett, mjuk, mørkebrun pels med glinsande overside. Han lever i elvar, ferskvatn og ved havet, og han er vanlegast i kyststrøk i Midt- og Nord-Noreg.
 
Lutra lutra, er oteren som held til i Noreg. Han er på raudlista og freda. Foto: LJWDevon CC BY 2.0
Lutra lutra, er oteren som held til i Noreg. Han er på raudlista og freda. Foto: LJWDevon CC BY 2.0
 
Oteren i Noreg er totalfreda og på raudlista.
 
Elles er oteren utbreidd over Europa, Asia og Nord-Afrika. Han lever av fisk, men tek også krabbar, kreps, små pattedyr og fuglar. Dei fleste otrane ynglar om våren og får to–tre ungar.
 
Havoteren, Enhydra lutris, lever i og omkring det nordlege Stillehavet. Han er større og måler ca. 150 cm frå snuten til halerota.
 
Oteren er totalfreda. Skinnet, som har glansfulle dekkhår og mjuke, litt lysare underhår, er varmt og sterkt og eignar seg godt til pelsverk.

Sjå video av oteren her:

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.08.2013
Sist oppdatert: 25.08.2014