Hopp til innhold
Foto: Jerry Oldenettel flickr.com CC BY-NC-SA.jpg
Foto: Jerry Oldenettel flickr.com CC BY-NC-SA.jpg
X
Innhald

Partåa hovdyr

Partåa hovdyr, Artiodactyla, er ein orden av pattedyr. Dyra manglar den første tåa, og den tredje og den fjerde tåa er velutvikla og utstyrte med klauver. Den andre og den femte tåa er mindre og kan også mangle heilt. Partåa hovdyr er utbreidde i alle verdsdelar, unnateke i Australia, om ein ser bort frå husdyr. Dei vert delte i tre underordenar. Dei omfattar dei som ikkje er drøvtyggjarar, som svin-, navlesvin- og flodhestfamiliane, dei som er drøvtyggjarar, som kameldyra, og dvergmoskusdyr, hjortedyr, sjiraffar, gaffelbukkar, moskushjortar og oksedyr. Sjå hovdyr og klauvdyr.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.08.2013
Sist oppdatert: 09.08.2013