Hopp til innhold
Foto: Tauno Erik, flickr.com CC BY-SA.jpg
Foto: Tauno Erik, flickr.com CC BY-SA.jpg
X
Innhald

Piggsvin

Piggsvin, Erinaceidae, er ein pattedyrfamilie av ordenen til insekteterane. På ryggsida har det tett med piggar, på buksida har det vanlege hår. Piggsvinet rullar seg saman med piggane strittande ut når det vert skremt. Det finst i alt 20 artar. Vårt piggsvin, Erinaceus europaeus, vert ca. 25 cm langt og veg ca. ein kg. Det er utbreidd over Europa og Asia sør for polarsirkelen, og i lågare strøk av Noreg opp til Bodø. Piggsvinet er truga mange stader, også i Noreg. Det lever vesentleg av insekt, mus og slangar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.08.2013
Sist oppdatert: 12.08.2013