Hopp til innhold
Foto: Joachim S Müller, flickr.com CC BY-NC-SA.jpg
Foto: Joachim S Müller, flickr.com CC BY-NC-SA.jpg
X
Innhald

Præriehundar

Præriehundar, Cynomys, er nordamerikanske gnagarar i ekornfamilien. Dei har stort hovud og kort kropp. Kroppen er ca. 45 cm lang, av det utgjer halen ca. 15 cm. Præriehundane sit ofte oppreist på bakbeina og gøyr som ein hund. Dei lever i koloniar og held til i holer. Dei har vinterdvale.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.08.2013
Sist oppdatert: 12.08.2013