Hopp til innhold
Foto: James Gaither, flickr.com CC BY-NC-ND.jpg
Foto: James Gaither, flickr.com CC BY-NC-ND.jpg
X
Innhald

Primatar

Primatar eller herredyr, Primates, er ein pattedyrorden som omfattar halvaper og aper med menneskeaper og menneske. Primatane vert vanlegvis delte inn i tre underordenar. Den første er Prosimii, halvaper, med makiar, fingerdyr og loriar. Den andre underordenen er Tarsioidea, spøkjelsesaper. Den tredje underordenen er Anthropoidea, som er aper med gruppene breinaseaper, det vil seie vestaper, og smalnaseaper, det vil seie austaper. Til den siste gruppa høyrer menneskeapene og menneska.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.08.2013
Sist oppdatert: 12.08.2013