Hopp til innhold
Foto: Dorian Wallender flickr.com CC BY-SA.jpg
Foto: Dorian Wallender flickr.com CC BY-SA.jpg
X
Innhald

Puddel

Puddel er eigentleg ein apporterande jakthund. No er han ein populær selskapshund. Puddel vert delt inn i fire storleikar. Stor puddel har mankehøgd på 45–60 cm, mellompuddel har mankehøgd på 35–45 cm, dvergpuddel har mankehøgd på 28–35 cm, og toypuddel har mankehøgd på under 28 cm. Puddelen har ullaktig, krusete pels som anten er einsfarga svart, kvit, brun, grå eller aprikos. Pelsen må klippast.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.08.2013
Sist oppdatert: 12.08.2013