Hopp til innhold
Foto: Tambako The Jaguar, flickr.com CC BY-ND.jpg
Foto: Tambako The Jaguar, flickr.com CC BY-ND.jpg
X
Innhald

Puma

Puma, også kalla kuguar eller fjell-løve, Felis concolor, høyrer til katteslekta. Han har einsfarga pels, som anten er brungrå eller brunraud. Pumaen er mindre enn løva og tigeren. Han har ei totallengd på tre meter, av det utgjer halen ein meter. Pumaen har eit variert kosthald, men han tek særleg hjortedyr. Han er utbreidd i Amerika frå Patagonia til Canada.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.08.2013
Sist oppdatert: 12.08.2013