Hopp til innhold
Foto: Arthur Chapman flickr.com CC BY-NC-SA.jpg
Foto: Arthur Chapman flickr.com CC BY-NC-SA.jpg
X
Innhald

Pungdyr

Pungdyr høyrer til pattedyrordenen Marsupialia. Det er ein primitiv pattedyrorden med 76 slekter med 266 artar. Pungdyra manglar morkake, og ungane vert fødde uutvikla. Dei fullfører deretter fosterlivet i hudfalden, pungen, til hoa. Pungdyr finst i dag på Ny-Guinea og i Australia. Dei finst også i Amerika, men berre som pungrotter. Dei mest kjende pungdyra er kenguru, koala, også kalla pungbjørn, pungflygeekorn og vombat. Tasmansk pungulv er høgst sannsynleg utrydda.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.08.2013
Sist oppdatert: 12.08.2013