Hopp til innhold
Foto: Tom Tarrant, flickr.com CC BY-NC-SA.jpg
Foto: Tom Tarrant, flickr.com CC BY-NC-SA.jpg
X
Innhald

Rådyr

Rådyr, Capreolus capreolus, er drøvtyggjarar som høyrer til hjortefamilien av dei partåa hovdyra. Lengda er opptil 1,3 meter, og dei har ei skulderhøgd på opptil 90 cm. Fargen er raudbrun. Hannen, råbukken, har eit kort, to–tretagga gevir. Rådyra er kjønnsmodne når dei er vel eitt år. Paringa går føre seg i juli–august, og dei føder ein–tre kalvar i mai–juni. Omkring 1900 fanst berre nokre få dyr i Østfold. Bestanden har seinare auka, og det finst no stammar nord til Troms. Nokre streifdyr finn ein lenger nord. Mange rådyr døyr når det er harde vintrar med mykje snø. Årleg vert det felt i rundt 30 000 dyr.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.08.2013
Sist oppdatert: 16.08.2013