Hopp til innhold
X
Innhald

Rettkvalar

Rettkvalar eller slettbakar, Balaenidae, er ein familie av bardekvalar. Dei har ikkje ryggfinne eller bukfurer. Rettkvalane omfattar blant anna grønlandskval og nordkapar, og det har vore drive omfattande jakt på begge. Rettkvalane er store, klumpete og langsame dyr. Dei har eit tjukt spekklag, og døde dyr flyt. Derfor har det vore mogleg å fange dei med handharpunar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.08.2013
Sist oppdatert: 12.08.2013