Hopp til innhold
Foto:«e_monk», Flickr.com CC BY-NC-SA
Foto:«e_monk», Flickr.com CC BY-NC-SA
X
Innhald

Rev

Revar er rovdyr i hundefamilien Canidae. Det finst fire slekter med 21 artar.
Revane finst over heile verda, med unnatak av Australia. Dei er nattdyr, og dei tilpassar seg svært lett med omsyn til føde og val av hi. Revane opptrer frå arktisk tundra til storbyar. Dei har ein levealder på opptil seks år, men dei kan verte opptil 13 år gamle i fangenskap.
 
Slekta vulpes utgjer tolv artar, og omfattar mellom anna raudrev, som kan ha fargevariantane sølvrev og korsrev. Søramerikansk rev utgjer sju artar, blant anna magellanrev og kortøyrerev. Til slekta Alopex høyrer fjellrev, som også finst med variantane kvitrev og blårev. Raudrev, Vulpes vulpes, finst i omtrent heile Noreg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.08.2013
Sist oppdatert: 25.11.2013