Hopp til innhold
Foto: Daves Portfolio flickr.com CC BY-NC-ND.jpg
Foto: Daves Portfolio flickr.com CC BY-NC-ND.jpg
X
Innhald

Rotter

Rotter er namn på forskjellige smågnagarar. Dei fleste høyrer til musefamilien, Muridae. Mange er utprega skadedyr, og dei kan også fungere som vertsdyr for bakteriar. Dei har stor forplantnings- og formeiringsevne. Brunrotta, Rattus norvegicus, er utbreidd over heile verda. Ho kom til Noreg frå Asia ca. 1750, og ho finst no over heile landet. Svartrotta, Rattus rattus, kom til landet ca. 1200, men ho er no borte. Loppene til svartrotta kan spreie pest. Ein reknar med at svartedauden vart spreidd med loppene til svartrotta

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.08.2013
Sist oppdatert: 13.08.2013