Hopp til innhold
X
Innhald

Rovdyr

Rovdyr, Carnivora, høyrer til ein pattedyrorden på sju familiar med 231 artar. Dei er utbreidde over heile verda. 

Rovdyra et hovudsakleg kjøt. Dyra har kraftige hjørnetenner, som fungerer som jaktvåpen. Dei fremre kinntennene som fungerer som ei saks. Dei fleste rovdyra rører seg smidig og kjapt, og dei har gode sansar. 

Familiane utgjer kattedyr, blant anna løve, gepard og gaupe, hundedyr, blant anna sjakalar, ulv, fjellrev og hyenehund, bjørnar, blant anna bjørn og isbjørn, halvbjørnar, blant anna vaskebjørn og pandaer, mårdyr, blant anna snømus, røyskatt, grevling og oter, snikekattar, blant anna genettar og mangustar, og hyenar, blant anna flekkhyene og brunhyene.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 13.08.2013
Sist oppdatert: 11.08.2017