Hopp til innhold
Foto: Andrè Fiedler, flickr.com CC BY-NC-ND.jpg
Foto: Andrè Fiedler, flickr.com CC BY-NC-ND.jpg
X
Innhald

Røyskatt

Røyskatt eller hermelin, Mustela erminea, er eit rovdyr av mårfamilien. Kroppslengda er på 24–26 cm, og halen er på 9–10 cm. Om sommaren er ryggen raudbrun til gulbrun og buken gulkvit. Om vinteren er røyskatten snøkvit, men haletippen er alltid svart. Røyskatten lever mest av smågnagarar, fuglar og egg, og av og til angrip han høns. Røyskatten får fem–åtte ungar i april–mai. Han er utbreidd over heile Europa, delar av Asia og Nord-Amerika, og i heile Noreg, frå kysten til høgfjellet. Vinterpelsen vert kalla hermelin.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.08.2013
Sist oppdatert: 16.08.2013