Hopp til innhold
X
Innhald

Amøbar

Amøbar er eincella organismar, protozoar. Dei er ofte samansette av ein rørleg protoplasma-klump. Amøbar lever i vatn og fuktig jord eller som snyltarar i dyr og menneske. Arten Entamoeba histolytica er årsak til amøbedysenteri.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.09.2012
Sist oppdatert: 17.09.2012