Hopp til innhold
 Augestikkar. Foto: sunphlo, flickr.com
Augestikkar. Foto: sunphlo, flickr.com
X
Innhald

Augestikkarar

Augestikkarar, Odonata, er ein orden av insekt. Dei er ofte metallglinsande med lang, slank bakkropp og omtrent jamstore vengjer. Augestikkarar jagar og parar seg i lufta. Larvene lever i ferskvatn, og dei er også rovdyr. Det finst to underordenar. Den eine er dei store og kraftige libellane. Den andre er dei mindre vassnymfene. Av dei om lag 5500 artane vi kjenner til, er 44 funne i Noreg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.09.2012
Sist oppdatert: 17.09.2012