Hopp til innhold
X
Innhald

Bendelorm

Bendelorm, Cestoda, er ei klasse av flatormar som er snyltarar i tarmane hos virveldyr og hos mennesket. Hovudet, scolex, har eit festeapparat, og kroppen kan vere sett saman av fleire tusen tokjønna ledd som tek opp næring gjennom huda. Ledda kan innehalde opptil 50 000 egg som vert støytte bort etter kvart.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.09.2012
Sist oppdatert: 21.04.2015