Hopp til innhold
 Bille. Foto. Mike E. Talbot, flickr.com
Bille. Foto. Mike E. Talbot, flickr.com
X
Innhald

Biller

Biller omfattar planteetarar og rovdyr, for eksempel marihøne, som lever av bladlus

Biller, Coleoptera, er den største insektordenen med om lag 350 000 artar. I Noreg finn vi over 3400 artar. Storleiken på billene varierer frå 0,5 mm til 10 cm. Hudskjelettet er vanlegvis kraftig. Det fremste vengjeparet er vernande dekkvengjer, og munndelane er bitande. Biller går gjennom ei fullstendig forvandling.
 
Biller omfattar planteetarar og rovdyr, for eksempel marihøne, som lever av bladlus. Andre lever av nektar og pollen frå blomstrar, slik gullbasse gjer. Åtselgravarane lever av daude dyr, medan tordivlar lever av gjødsel. Dei eldste kjende eksemplara av biller er fossil frå perm.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.09.2012
Sist oppdatert: 28.09.2012