Hopp til innhold

 Blåskjel. Foto: Dara Robinson, flickr.com
Blåskjel. Foto: Dara Robinson, flickr.com
X
Innhald

Blåskjel

Blåskjel, Mytilus edulis, er ein musling som lever frå Middelhavet til Barentshavet. Dei ernærer seg av planteplankton. Blåskjel vert nytta som agn og til menneskeføde. Dei vert dyrka mellom anna i fjordane på Vestlandet. Blåskjel er gode på smak, men dei kan vere giftige til visse tider, anten på grunn av forureining eller giftige planktonalgar.
 
Sjå video om blåskjel frå NRK Skole:
 
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.09.2012
Sist oppdatert: 02.07.2014