Hopp til innhold
 Octupus vulgaris. Foto: Albert Kok, flickr.com
Octupus vulgaris. Foto: Albert Kok, flickr.com
X
Innhald

Blekksprut

Blekksprut, Cephalopoda, er den høgast utvikla klassa av blautdyr. Blekkspruten er eit rovdyr som lever i havet. Han har stort hovud, ein nebbaktig munn og fangarmar med sugeskåler. Kroppen er dekt av ei kappe som skjuler gjellene og indre organ.
 
Blekkspruten skil ut eit mørkebrunt sekretnår dyret er i fare. Sekretet vert kalla sepia, og har gitt namn til fargen sepiabrun.
 
Det finst drygt 1000 utdøydde artar og om lag 650 nolevande. Det finst berre nokre få artar av firegjella blekksprutar i dag, for eksempel perlebåt, Nautilus. Perlebåt har spiralforma ytterskal og mange armar, men han manglar blekksekk og sugeskåler. Dei togjella artane er ti- og åttearma blekksprutar der skalet er dekt av kappa eller det manglar heilt.
 
Vår mest kjende tiarma art er akkar, Todarodes sagittatus. Kjempeblekksprut, Architeuthis, kan verte 22 m lang. Av dei åttearma blekksprutane er Octupus vulgaris størst. Han kan verte inntil 3 m lang og vert fanga på grunn av kjøtet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.09.2012
Sist oppdatert: 17.09.2012