Hopp til innhold
X
Innhald

Blodigle

Blodigle eller legeigle, Hirudo medicinalis, er ei 15—20 cm lang, mørkegrøn igle med raudbrune band på ryggen og ei sugeskål i kvar ende av kroppen. Blodigla vart tidlegare nytta til årelating. Ho vert no brukt i moderne kirurgi for å få i gang blodsirkulasjonen igjen i påsydde lemer. Blodigla er lite utbreidd i Noreg, men ho finst i somme tjern og småsjøar i låglandet langs kysten nord til Møre.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.09.2012
Sist oppdatert: 17.09.2012