Hopp til innhold
X
Innhald

Børstemakk

Børstemakk, Chaetopoda, er ei gruppe av leddormar. Kroppen til børstemakken er tydeleg delt i ledd eller segment, der kvart ledd har eit knippe av børstar. Gruppa omfattar to klasser. Den eine er havbørstemakk eller mangebørstemakk, som for eksempel inneheld fjæremakk og rørormar. Den andre klassa er fåbørstemakk, som mellom anna inneheld meitemakk.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.09.2012
Sist oppdatert: 18.09.2012