Hopp til innhold
X
Innhald

Bremsar

Bremsar, Ostridae, er ein familie av fluger. Larvene snyltar i huda, nasen eller magen hos pattedyr. Hudbrems kan ein finne mellom anna hos rein og storfe. Nasebrems kan ein finne hos rein og sau, og hestebrems kan leve i tarmen hos hestar. Dei utvaksne larvene forlèt verten før forpuppinga.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.09.2012
Sist oppdatert: 18.09.2012